Odd Holten

norsk politikar

Odd Henry Holten (fødd 28. august 1940) er ein norsk politikar fødd i Øre, busett i Fredrikstad. Han var stortingsrepresentant for Østfold fylke og Kristeleg Folkeparti frå 1989 til 2005. Han er far til Line Henriette Holten Hjemdal, kvinna som tok over fyrsteplassen på Østfold Kristeleg Folkeparti si valliste til Stortinget då han gav seg som stortingsrepsrsentant i 2005.

Odd Holten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1940 (83 år)
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Holten var utdannna diakon ved Det norske Diakonhjem i 1958. Han var styrar og sidan administrasjonssjef for Blå Kors i Fredrikstad. Ei tid var Holten generalsekretær i Kristeleg Folkeparti. I 1989 vart han innvald på Stortinget frå Østfold, der han dei to fyrste stortingsperiodane var medlem av finanskomiteen. Frå 1997 til 2000, den tida Kjell Magne Bondevik leia si fyrste regjering, var han nestleiar i stortingsgruppa til Kristeleg Folkeparti. Stortingsperioden 1997-2001 var han både president i Lagtinget og elles medlem av arbeidsordningskomiteen og nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen. I sin siste periode på Stortinget, 2001-05, var han visepresident i Lagtinget og medlem av samferdslekomiteen.

Kjelder endre