Odd Rasdal (6. juli 19114. mars 1985) var ein norsk langdistanseløpar frå Bergen som vann kongepokalen i friidrett tre år på rad, 1937-39. Han var medlem av TIF Viking i Bergen.

Odd Rasdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juli 1911
Bergen
Død

4. mars 1985 (73 år)
Voss herad

Yrke friidrettsutøvar

Aktiv endre

Under Sommar-OL 1936 vart Rasdal niandemann på 10 000 meter med tida 31.40,4, norsk rekordforbetring med 0,4 sekundar. Same plasseringa fekk han på distansen to år etter under EM i friidrett 1938.

Rasdal vart norsk meister både på 5 000 og 10 000 meter i åra 1937, 1938 og 1939, samt i terrengløp fem år på rad frå 1935 til 1939. For trippelsigrane i åra 1937-39 fekk han kvart år tildelt kongepokalen i friidrett.

Den 10. juni 1938 forbetra Rasdal den norske 5000-metersrekorden med over elleve sekundar til 14.36,7 under ein landskamp i København. Rekorden vart ståande i ti år. Året etter rekordløpet i København gjorde han sitt livs snøggaste milløp. På Bislett stadion i Oslo kom han 24. september 1939 i mål på tida 31.02,4, og tok tilbake noregsrekorden på distansen. Milrekorden gjaldt i nærare åtte år, til dess Martin Stokken sletta den.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1934: Bronsemedalje på 10000 m – 32,34,9
  • 1937: Gullmedaljar på 5000 m - 14.53,8 og 10000 m – 32.05,0
  • 1938: Gullmedaljar på 5000 m - 14.54,5 og 10000 m – 32.30,8
  • 1939: Gullmedaljar på 5000 m - 14.53,6 og 10000 m – 32.01,8

I tillegg vann Rasdal fem norske meisterskap i terrengløp.

På 1950-talet var han styremedlem i Norges Fri-idrettsforbund.

Kjelder endre