Turn og Idrettsforeningen Viking (TIF Viking) er eit idrettslag heimehøyrande i Bergen, stifta 17. mai 1892. Laget er aktivt med i friidrett, handball, kappgang, langrenn, orientering, turn og volleyball. Elles har laget ei hytte- og fjellgruppe.

Vikinghallen

TIF Viking har vore medlem i Norges Idrettsforbund sidan 1895. Frå 1935 har laget hatt fast tilhaldsstad i Vikinghallen i Øvre Dreggsalmenningen 7, ei bygning med tre større hallar, styrkerom, garderober, badstove, møtelokale og klubbrom. Skansemyren idrettsplass er laget si utandørsarena.

Kappgjengaren Trond Nymark, heidersmedlem frå 2009, og friidrettsutøvarane Harald Stenerud, Odd Rasdal, Arne Lothe, Thor Solberg og John Skjelvaag er alle mellom dei Viking-medlemene som har markert laget mest i nasjonale tevlingar.

Turn- og Idrettsforeningen Viking eig Vikinghytten på Vareggen i Bergen og skihytta Sagatun på Mjølfjell.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre