Ein odde (norrønt oddi) eller eit nes (norrønt nes) er eit landstykke som stikk ut i sjø eller vatn[1] og skil mellom to vikar (bukter) eller strendar. Tidvis kan odde visa til den ytste spissen av eit nes.[2]

Odde på Dzjarylgatsj i Ukraina.

Same type formasjon kan også kallast tange og tunge (Tungenes). Ordet nes blir òg brukt om innlandformasjonar skapt av elveløp og er hyppig i bruk som til gards- og stadnamn. Ein namnekombinasjon finst som Nordnesodden (vanlegare Nordnespynten) i Bergen, og i Oslofjorden finst ein variant som bruker alle nemningane i Nesoddtangen.

Ordet blir brukt om same landform i både Noreg, Danmark og Sverige (skrive udde). Danske Sjællands odde er det klart største dømet i desse tre landa.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Bolstad, Erik (10. oktober 2020). «nes». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Bolstad, Erik (10. oktober 2020). «odde». Store norske leksikon (på norsk bokmål).