Bertrand-Jean Redon (20. april 18406. juli 1916), betre kjend som Odilon Redon, var ein fransk målar, grafikar, teiknar og pastellist. Verka hans vert rekna til symbolismen.

Odilon Redon

Sjølvportrett, 1880
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. april 1840
Bordeaux
Død

6. juli 1916 (76 år)
Paris

Yrke kunstmålar, illustratør, grafikar, bilethoggar, litograf, grafikar, teiknar, bygningstegner
Språk fransk
Ektefelle Camille Redon
Odilon Redon på Commons

Liv og gjerning endre

Redon vart fødd inn i ein rik familie i Bordeaux i Aquitaine. Han starta å teikne som barn. Femten år gammal begynte han på formelle studiar i teikning. Faren insisterte på at han måtte studere arkitektur, men han klarte ikkje opptaksprøvene til arkitektstudiet. Dermed fekk han i 1864 høve til å gå i lære hos kunstmålaren Jean-Léon Gérôme. Vel heimkomen til Bordeaux byrja han å arbeide med skulptur, og med silketrykk og litografi.

I 1870 slutta Redon seg til hæren for å delta i den fransk-prøyssiske krigen. Mot slutten av krigen flytta han til Paris, der han nesten utelukkande arbeidde med kolteikning og litografi. Først i 1878 fekk arbeida hans noko større vellæte. Året etter publiserte han sitt første album med litografi, med tittelen Dans le Rêve.

 
Kyklopen, 1898-1900

Redon var ganske ukjend inntil 1884, då kultromanen tittelen À rebours (=Mot naturen) av Joris-Karl Huysmans kom ut. Historia handla om ein dekadent aristokrat som samla på teikningar laga av Redon.

I 1890-åra føretrekte Redon pastell- og oljemåleri som medium. Han stilte ut i lag med Nabisgruppa i 1899. I 1903 vart han tildelt Æreslegionen. Populariteten steig då ein katalog over etsingar og litografi kom ut i 1913.

Redon døydde i Paris den 6. juli 1916.

Kjelder endre