Odin Hansen
norsk politikar
Odin Hansen (16. april 1918–14. september 1996) var stortingsrepresentant for Sosialistisk Valforbund frå Nordland. Han var frå Gildeskål og vart innvalgt på Stortinget ved stortingsvalet 1973, men det vart berre med ein periode.
Odin Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. april 1918 Gildeskål kommune |
Død |
14. september 1996 (78 år) |
Yrke | politikar |
Odin Hansen var fiskar av yrke, han hadde kystskippereksamen frå 1941 og var formann i Gildeskål distriktsfiskarlag frå 1956 til 1973. Han var òg medlem av Gildeskål kommunestyre, medlem av representantskapet i Noregs Råfisklag frå 1956 til 1971 og medlem av styret i Nordland fylkesfiskarlag 1972-1974. På Stortinget var han i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Odin Hansen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.