Offentleg skriftemål

Offentleg skriftemål eller Absolutio publica er eit skriftemål der ein person vedkjenner seg syndene sine i påhør av kyrkjelyden. Offentleg skriftemål var lenge bruka som eit middel til kyrkjetukt, og ein straffereaksjon ved sida av sivil avstraffing. Namnet på dei som avla offentleg skriftemål, og kva for brotsverk dei hadde gjort, vart lenge innført i kyrkjebøkene.

Ordninga hadde røter i katolsk tid, etter reformasjonen vart ordninga lovfesta som straffereaksjon for visse alvorlege brotsverk. Etter forordning 12. oktober 1617 vart plikta utvida til òg å gjelde dei som fekk barn utanfor ekteskap. Den liturgiske ordninga ved offentleg skriftemål er føreskreven i kyrkjeritualet av 1685.

Kyrkjebøker frå 1700-talet viser at offentleg skrifte oftast gjaldt kvinner og menn som hadde fått barn utanfor ekteskap («leiermål»), lang tids fråvær frå nattverd, tjuveri og forstyrring av offentleg orden. Offentleg skriftemål for leiermål vart avskaffa ved forodning 8. juni 1767, i staden skulle leiermål straffast med åtte dagar på vatn og brød.[1] Offentleg skriftemål for nattverdsforsømming vart avskaffa ved reskript 18. juni 1790.[2] Offentleg skriftemål gjekk ut av bruk tidleg på 1800-talet. Velkjent er likevel presten Lars Oftedals offenlege skriftemål frå kordøra i St. Petri kyrkje i Stavanger 1. november 1891 då han vedkjente seg å ha gjort seg skyldig i eit usedeleg tilhøve.[3]

Referansar endre