Lars Oftedal (1838-1900)
- For sonen med same namn, sjå Lars Oftedal (1877-1932).
Lars Oftedal (27. desember 1838–2. mai 1900) var ein norsk prest og politikar fødd i Stavanger. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1882-85 og for Moderate Venstre frå 1888-91. Oftedal var viktig for bedehusrørsla. Han er òg kjend som grunnleggjar av avisa Stavanger Aftenblad.
Lars Oftedal | |||
Lars Oftedal avbilda i Verdens Gang 16. februar 1884. | |||
Fødd | 27. desember 1838 Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 2. mai 1900 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre (ukjend; 1889), Moderate Venstre (1889; 1900) | ||
Yrke | politikar, prest, redaktør, journalist, salmediktar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Lars Oftedal | ||
Alle verv |
|
Oftedal grunnla avisa Vestlandsposten i 1878, som blei eit viktig organ for «Bonde-Venstre». I 1891 måtte han ta avskjed som prest etter ein sedelegheitskandale. Seinare grunnla Oftedal Stavanger Aftenblad, som han bygde opp til ei leiande regionavis.
Kontrovers
endreI 1887 vart Oftedal angripen av Alexander Kielland i romanen Sankt Hans Fest etter at Oftedal ikkje ville gje Kielland diktargasje. I 1889 kom og Knut Hamsun med eit aggressivt angrep på Oftedal i skriftet Lars Oftedal på oppdrag for Dagbladet. Dagbladet omtala i 2005 dette som «de mest omfattende offentlige angrep noen nordmann er blitt utsatt for i noen avis».[1] Seinare har Alfred Hauge levert et forsvar for Lars Oftedal i skodespelet Morten Kruse.
Kjelder
endre- Berge Furre: Soga om Lars Oftedal, Oslo 1990 ISBN 82-521-3468-8
- ↑ Gudleiv Forr, «De nye oftedølene», Dagbladet, 03.06.2005
- Biografisk informasjon om Lars Oftedal (1838-1900) NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv