Offshore Northern Seas

ONS (Offshore Northern Seas) er ei norsk non-profit stifting som er ein av dei største møteplassane i verda for den internasjonale energibransjen. Arrangementet ONS, som vert arrangert av Stiftinga ONS, vert halde i august annakvart år i Stavanger i Noreg. Arrangementet inneber ein konferanse og omtrent 1000 utstillings- og informasjonsstandar frå dei ulike deltakande selskapa og ein konsert. Frå og med 2022 har ONS òg byrja med å arrangera eit større debattprogram og nettverksarrangement i Stavanger sentrum. ONS har om lag 65 000 vitjande frå over 100 ulike land.[1]

Offshore Northern Seas
Org.formStiftelse
Org.nr.969939851
Skipa4. februar 1981
HovudkontorStavanger kommune
LandNoreg
Nettstadhttps://ons.no (engelsk)

ONS er ein viktig møteplass der lokale og internasjonale energi-, teknologi- og industriselskap møtast, i tillegg kjem norske og utanlandske toppleiarar og akademikarar på vitjing. Som ein del av ONS Young vert òg vidaregåande elevar og studentar invitert.[2][3][4]

Etter at Noreg fann olje og gass i Nordsjøen på byrjinga av 70-talet, vaks det fram eit behov for ein møteplass for selskapa i den nye industrien for å danna nye samarbeid og innovasjon. ONS vart stifta av Stavanger kommune, Statoil, Stavanger Forum og Norsk Petroleumsforening i 1974. Same år vart det fyrste ONS-arrangementet halde.

I byringa var ONS hovudsakleg retta mot selskap som opererte i Nordsjøen. Etter kvart utvida bransjen produksjonen til andre område av den norske kontinentalsokkelen og i andre land elles, dette resulterte i at ONS byrja å taka føre seg nye problemstillingar som omfatta den internasjonale energibransjen.

Sidan 2010 har ONS teke ei retning mot ein brei energimarknad, og dei nyare arrangementa skal fremja fornybar energi og berekraft.[5] ONS arrangerer ei rekkje møteplassar og arrangement over heile verda, ofte i partnarskap med andre selskap og organisasjonar.

Sidan det aller fyrste ONS-arrangementet i 1974 har kong Harald V, fyrst som kronprins og sidan som konge, vore den beskyttar til ONS. Vernarskapet vert forlengt kvart femte år, og vart forlengt med fem år i 2020.[6][7]

Tidlegare arrangement

endre
  • 2024 – Imagine
  • 2022 – Trust
  • 2020 – Together
  • 2018 – Innovate
  • 2016 – Transition
  • 2014 – Changes
  • 2012 – Confronting Energy Paradoxes
  • 2010 – Energy for mora people
  • 2008 – Energy for one world
  • 2006 – Bridging the energy gap
  • 2004 – Shaping our energy future
  • 2002 – Energizing a new generation
  • 2000 – Shaping the future of the energy industry
  • 1998 – Energy needs and environmental demands
  • 1996 – Oil and gas beyond 2000 – new frontiers
  • 1994 – A changing world – a changing industry
  • 1992 – Future energy markets – political and technological perspectives
  • 1990 – The petroleum industry adjusting to new realities
  • 1988 – Oil and gas in the 1990's – perspectives, challenges and opportunities
  • 1986 – Northern waters: new political, economic and technical opportunities and concerns
  • 1984 – Uncertainties and innovation – management of northern offshore resources
  • 1982 – Production of oil and gas from deep and hostile waters
  • 1980 – Uncertainties in the management of the offshore petroleum resources[4]

Kjelder

endre
  1. «The ONS Story», ons.no, henta 16. januar 2023 
  2. «Over 60.000 besøkende på ONS», Dagsavisen (på norsk), henta 16. januar 2023 
  3. «Young», ons.no, henta 16. januar 2023 
  4. 4,0 4,1 «Facts & figures», ons.no, henta 16. januar 2023 
  5. «ONS 2020-slagordet er klart», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), 25. april 2019, henta 16. januar 2023 
  6. Kong Harald V fortsetter som ONS-beskytter E24. Besøkt 30. august 2022.
  7. «Kongen vil framleis vera beskyttar for ONS», e24.no (på norsk bokmål), 3. desember 2020, henta 16. januar 2023 

Bakgrunnsstoff

endre