Ogna kyrkje i Hå kommune i Rogaland fylke er i utgangspunktet ei langkyrkje frå 1200-talet. Mellomalderkyrkja hadde eit vesttårn i tre då ho brann etter lynnedslag i 1991. Murane i det gamle skipet utgjer ein del av ei ny kyrkje som vart oppført i 1995 med nytt kor og sakristi i tillegg til kyrkjelydssal, kjøken og kontor.

Ogna kyrkje
kyrkje
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Jæren
Sokn Ogna
Fellesråd
Type Langkyrkje
Arkitekt Thesen & Torsvik (1995)
Teknikk Mur
Material Stein (gamal del)
Innvigd 1200-talet/5. juni 1995
 •  Endringar Brann i 1991; nyoppført 1995
Takryttar På mønet
Kor Rett avslutta
Preikestol Kopi av gamal preikestol av Gottfried Hendtzschel
Døypefont Av kleberstein, frå mellomalderen
Altartavle Kopi av gamal altartavle av Gottfried Hendtzschel
Sitjeplassar 280
Diverse Glasmåleri av Harald Stokkeland (1995)
Kart
Ogna kyrkje
58°30′59″N 5°48′30″E / 58.51629306°N 5.80833389°E / 58.51629306; 5.80833389
Wikimedia Commons: Ogna kirke

Før brannen hadde kyrkja altartavle og preikestol laga av Gottfried Hendtzschel. Desse vart totalskadde, men det er laga kopiar til den nye kyrkja. Steinplata i altarbordet og den åttekanta døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
 
Slik såg kyrkja ut før brannen i 1991.
Foto: Christian Christensen Thomhav