Georg Ohm
tysk matematikar og fysikar
(Omdirigert frå Georg Simon Ohm)
Georg Simon Ohm (16. mars 1789–6. juli 1854) var ein tysk fysikar, fødd i Erlangen. Ohm var professor i matematikk og fysikk i Nürnberg. Han døydde i München.
Georg Ohm | |||
| |||
Fødd | Georg Simon Ohm 16. mars 1789 Erlangen | ||
---|---|---|---|
Død | 6. juli 1854 München | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Bayern | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Ludwig-Maximilians-Universität München Universitetet i Heidelberg Dreikönigsgymnasium | ||
Alma mater | Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg | ||
Doktorgradsrettleiar | Karl Christian von Langsdorf | ||
Medlem | Royal Society Det bayerske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia delle Scienze di Torino |
Han vart i 1833 professor ved den polytekniske skulen i Nürnberg, og frå 1849 professor ved universitetet i München. Ohm er kjend for å ha oppdaga Ohms lov (1826). Han gjorde òg viktige oppdagingar innan akustikk og krystalloptikk.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Georg Simon Ohm». Store norske leksikon. 27.07.2011.