Okhi-dagen (gresk Επέτειος του «'Οχι», 'årsdagen for nei-et') er ein offentleg høgtidsdag i Hellas 28. oktober som også blir markert av grekarar verda over. Dagen er til minne om då den greske statsministeren Ioannis Metaxas svara nei til eit ultimatum frå den italienske diktatoren Benito Mussolini den 28. oktober 1940. Italienske troppar gjekk inn i Hellas frå Albania same dagen, og Hellas kom med dette med i andre verdskrigen.

Greske flagg, ein okse og ordet Οχι ('nei') på ein vegg i Ioánnina den 28. oktober 2004.

Om Metaxas verkeleg berre svara med ordet «nei» er omdiskutert, somme historikarar hevdar han svara «Alors, c'est la guerre» (fransk for 'Vel, då er det krig').

Okhi-dagen blir feira med militæropptog i alle store byar, og marinefartøy kan ta del i kystbyar. Mange gresk-ortodokse kyrkjer held særskilde gudstenester.

Kjelder endre