Nei (frå norrønt nei) er ein norsk interjeksjon og substantiv som uttrykkjer avvising, usemje, avslag eller negasjon på ein eller annan måte. Som regel er nei det motsette av ja.

I nokre tilfelle kan nei som svarord også uttrykkja semje. Dette skjer dersom spørsmålet er stilt med ein negasjon. På spørsmålet «Er du ikkje ferdig å studera enno?» vil det stadfestande svaret vera «nei». Dersom ein derimot svarer «jau», vil dette uttrykkja usemje med den underliggjande forventinga i spørsmålet.

Historiske nei endre

I samband med andre verdskrigen er fleire «nei» blitt hugsa. Etter invasjonen av Noreg under andre verdskrigen 9. april 1940 sa kongen i statsråd nei til eit tysk ultimatum om fullstendig overgjeving. Hendinga er blitt kjend som Kongens nei. Kong Haakon sa igjen nei til tyskarane i ein tale frå juli 1940, då han avviste ei krav om å abdisera.

28. oktober 1940 svara også den greske statsministeren Ioannis Metaxas nei til eit ultimatum frå den italienske diktatoren Benito Mussolini om å få senda troppar inn i Hellas og okkupera visse «strategiske område». Statsministeren nekta, og Italia gjekk til krig mot landet. Hendinga er blitt markert som Okhi-dagen (Nei-dagen) sidan.

Nei i kampajar endre

 
Oppfordring om å stemma nei til EEC (seinare EU).

Ordet nei er brukt i mange kampanjar og kamporganisasjonar. Her er nokre døme:

Kjelder endre

  • Delar av denne artikkelen er omsett frå «Nei» på bokmålswikipedia, henta inn 21. mars 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nei