Okol Rocks (bulgarsk скали Окол, ‘Skali Okol’) er ei gruppe skjer nord for Aitcho Islands på vestsida av English Strait i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Passage Rock ligg 800 meter aust for Okol Rocks og 1,07 km sør for Fort William, Robert Island, med Cheshire Rock 370 meter aust for Passage Rock, 1,09 km sørvest for Fort William, 850 meter nordaust for Jorge Island og 900 meter aust-søraust for Okol Rocks. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Clothier Harbour.

Okol Rocks
klippe
Land  Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Del av Sør-Shetlandsøyane
Topp Greenwich Island
 - koordinatar 62°22′19″S 59°45′42″W / 62.37194°S 59.76167°W / -62.37194; -59.76167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Okol Rocks
62°22′19″S 59°45′42″W / 62.371944°S 59.761667°W / -62.371944; -59.761667
Plasseringa til Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane.
Okol Rocks is located in Antarktis
Okol Rocks (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Okol Rocks er kalla opp etter busetnadane Gorni (Øvre) Okol og Dolni (Nedre) Okol vest i Bulgaria. Passage Rock vart kartlagt av Discovery Investigations i 1935 og seinare skildrande kalla opp etter som eit merke for skip som er på veg inn i English Strait. Cheshire Rock er kalla opp etter kapteinløytnant Peter Cheshire, leiaren for Royal Navy si sjømålingsgruppe i området i 1967.

Okol Rocks ligg 870 meter nord for Jorge Island, 1,34 meter aust for Kilifarevo Island og 1,89 km vest for Fort William Point på Robert Island.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre