Oktogen

kjemisk sambinding

Oktogen, òg kalla HMX,[1] er eit svært kraftig sprengstoff. Det er eit såkalla nitroamin. Kjemisk formel er C4H8N8O8. Det er det kraftigaste sprengstoffet som er kjent, med unntak av octanitrocuban og HNIW.

Ein modell av eit oktogen-molekyl

Det har ein detonasjonsfart på 9100 meter/sek.

Historie endre

Oktogen vart første gong laga i 1930. I 1949 vart det oppdaga at oktogen kan lagast ved såkalla nitrolyse av heksogen. I denne prosessen vert heksogen oppløyst  i 55 % salpetersyre, og vert deretter plassert over eit vassdamp-bad i 6 timar.

Framstilling endre

Oktogen er eit av dei vanskelegaste sprengstoffa å produsere. Det oppstår som eit biprodukt av heksogenproduksjonen. Det kan framstillast ved å nitrera heksametylentetramin i konsentrert salpetersyre, tilsett eddiksyre-anhydrid (acetic anhydride), paraformaldehyd eller ammoniumnitrat. Heksogen som vert produsert med den såkalte Bachmann-prosessen, inneheld ca. 8-10 % oktogen.

Bruk endre

Oktogen vert stort sett brukt berre til militære føremål, og som detonator i atomvåpen for å komprimera plutonium og uran til kritisk masse. Det vert òg brukt til såkalt retningsbestemte sprengladningar (holladninger), og i blandingar med trinitrotoluen (TNT).

Kjelder endre

Referansar endre

  1. https://snl.no/oktogen
  • Urbanski, Tadeusz. Chemistry and Technology of Explosives. Vol. III., Warszawa: Polish Scientific Publishers, 1967
  • Cooper, Paul W., Explosives Engineering, New York: Wiley-VCH, 1996. ISBN 0-471-18636-8