Opna hovudmenyen

Ola Høyland

Norsk bonde og politikar

Ola Høyland (25. mai 189018. mai 1981) var ein norsk gardbrukar, politikar og historikar frå Stord.

Ola Høyland
Fødd 25. mai 1890
Stord
Død

18. mai 1981

Yrke politikar

Høyland gjekk Voss folkehøgskule i 1909/10 og ein vinterjordbruksskule i Ørsta i 1915/16. Frå 1918 til 1959 var han gardbrukar på Stord.

Høyland var varaordførar i Stord frå 1932 til han var avsett av okkupasjonsstyret i 1941. I 1945 vart han vald til ordførar, eit ombod han hadde til 1955. Perioden 1954-57 var han stortingsrepresentant frå Hordaland og for Bondepartiet, med plass i Stortinget sin justiskomite.

Høyland var styreformann 1946-53 i Sunnhordaland kraftlag og 1947-55 i Hordaland landbruksselskap. Han var formann i Hordaland bondelag 1947-52 og varaformann i Norges Bondelag 1948-52. Frå 1956 til -63 var han formann i representantskapet for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.

Høyland skreiv tre bøker med lokalhistoriske emne; Høyland på på Stord (1954), Stord bygdebok - 2 - Gards- og ættesoga (1966), og Ætteliste for Høyland (1971).

KjelderEndra