Opna hovudmenyen

Ola Olsson Lånke (176010. april 1844) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Stjørdal i Nord-Trøndelag.

Ola Olsson Lånke
Fødd 1760
Lånke
Død

10. april 1844
Lånke

Yrke bonde, politikar

Lånke var fødd på garden Geving i Lånke sokn. Han bygsla i 1798 garden Lånke i same soknet, dreiv garden som leiglending fram til han kjøpte garden i 1838.

Lånke var 1. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget i 1821. Han var medlem av fem komitear, mellom anna sekretær i komiteen om korntoll og medlem av komiteen om skjønns- og takstmenn, samt om utreiinga av artilleriet og kavaleriet. Til omframstortinget 1822 møtte han ikkje, grunna sjukdom.

Han tok på seg mange lokale, offentleg oppgåver. Elles ytte han språkleg hjelp til John Neergaard då denne skreiv Selbuboka.

Han døydde på Lånke i 1844.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914