Ola Svein Stugu (fødd 27. mars 1947) er ein norsk historikar, forfattar og professor ved Institutt for historie og klassiske fagNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim.

Ola Svein Stugu
Fødd27. mars 1947
Oppdal
NasjonalitetNoreg
Yrkeskribent, historikar, professor
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Stugu er fødd i Oppdal. Han vart cand. philol. i 1976 ved Universitetet i Oslo med historie som hovudfag og hadde yrkespraksis frå skuleverk, offentleg forvalting og oppdragsforsking fram til 1993. Han vart førsteamanuensis ved historisk institutt og Universitetet i Trondheim i 1994, før han i 2001 vart professor ved same stad.[1]

Stugu har skrive fleire bøker og andre publikasjonar innanfor kulturhistorie, byhistorie og historiedidaktikk, blant anna Trøndelags historie for perioden etter 1945. Han sit òg som nestleiar for Norsk senter for bygdeforskning.[2]

Bibliografi

endre
  • Stugu, Ola Svein m.fl. (1997). Kunnskapsbyen - Trondheims historie. Univeristetsforlaget. ISBN 82-00-22663-8. 
  • Stugu, Ola Svein; et al. (2004). Fabrikken. Scandinavian Academic Press. ISBN 82-304-0004-0. 
  • Helle, Knut; Eliassen, Finn-Einar; Myhre, Jan Eivind; Stugu, Ola Svein (2006). Norsk byhistorie. Pax. ISBN 978-82-530-2882-8. 
  • Stugu, Ola Svein; Jensen, Karl Gunnar (2008). Ord om kor: 150 år med Trøndernes mandssangforening. Trøndernes mandssangforening. ISBN 978-82-990238-1-8. 
  • Stugu, Ola Svein (2008). Historie i bruk. Samlaget. ISBN 978-82-521-7214-0. 
  • Stugu, Ola Svein (2008). Historie i bruk. Samlaget. ISBN 978-82-521-7214-0. 

Referansar

endre
  1. NTNU.no – Curricululm Vitae, Ola Svein Stugu.[daud lenkje] (Besøkt 24. november 2008)
  2. Bygdeforskning.no – Om bygdeforskning og styret Arkivert 2021-02-21 ved Wayback Machine. (Besøkt 24. november 2008)

Bakgrunnsstoff

endre