Olaf Edvard Moe

Olaf Edvard Moe (6. september 18766. desember 1963) var ein norsk teolog, fødd i Modum, son til Oscar Moe.

Olaf Edvard Moe
OlavEdvardMoe.jpg
Fødd 6. september 1876
Modum
Død

6. desember 1963 (87 år)

Yrke bibelforskar, teolog

Olaf Edvard Moe vart cand.theol. i 1900 og dr.theol. i 1912. Frå 1906 til 1916 var han dosent i nytestamentleg teologi ved Universitetet i Oslo. I 1916 fekk han stilling ved Menighetsfakultetet i same byen og arbeidde som professor der heilt fram til 1953.

Moe skreiv fleire verk om Paulus og den apostoliske kyrkja. Han kom også med vitskaplege kommentarar til Johannes-evangeliet og Romarbrevet. I 1956 gav han ut memoarboka Levet og lært.

KjelderEndra

Store norske leksikon