Oscar Moe (5. april 184614. september 1918) var ein norsk prest og kyrkjehistorikar frå Holmestrand.

Oscar Moe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1846
Holmestrand kommune
Død

14. september 1918 (72 år)

Yrke prest, omsetjar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Far til Moe var skomakarmeister. Sjølv gjekk han borgarskulen i Holmestrand for å verte handelsmann. Seinare byrja han studere og vart cand.theol. i 1871. Etter å ha arbeidd som lærar på Kongsberg, fekk han i 1873 stilling som kallskapellan i Modum.

Frå 1880 til 1916 var Moe sokneprest i Kampen i Kristiania. Jamsides med prestegjerninga dreiv Moe på med vitskapelege studiar, særleg med kyrkjehistorie. Han omsette Augustin si tekst «Om Guds Stat» til bokserien Vidnesbyrd af Kirkefædrene.

Oscar Moe var far til teologen Olaf Edvard Moe.

Kjelder endre