Opna hovudmenyen

Olaf Sørensen

norsk politikar

Olaf Sørensen (3. august 18921. august 1962) var ein norsk arbeidar og politikar frå Kongsberg. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1945-57.

Olaf Sørensen
Fødd3. august 1892
Død1. august 1962
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Sørensen var son til ein våpenarbeidar på Kongsberg. Sjølv tok han til som elektrisk montør i 1911. Frå 1920 til 1958 arbeidde han i Kongsberg elektrisitetsverk. Han var elektrikar til 1929, overmontør og driftsleiar 1929-47 og overmontør 1947-58.

Frå 1922 til 1940 var Sørensen eit fast medlem av Kongsberg bystyre, i fleire av valperiodane var han også med i formannskapet. Etter frigjeringa våren 1945 var han ordførar til kommunevalet seinhaustes same året, sidan var han medlem av bystyret til og med 1959.

Ved stortingsvalet 1945 vart Sørensen vald til stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Buskerud fylke, attvald i 1949. Etter avviklinga av den såkalla bondeparagrafen, oppnådde Sørensen ein fjerdeplass på Arbeidarpartiet si stortingsvalliste for Buskerud, meir enn tilstrekkeleg til å verte vald til ein tredje stortingsbolk. Dei fyrste fire åra på Stortinget var han medlem i Skog- og vassdragskomiteen, frå 1950 sat han i Sosialkomiteen.

KjelderEndra