Olaf Watnebryn

norsk politikar

Olaf Fredrik Watnebryn (4. november 19086. juni 1977) var ein norsk arbeidar, politikar og byråkrat frå Drammen. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1945-65

Olaf Watnebryn
Regjeringen Lyngs siste dag fra debatten i Stortinget - L0022 368bFo30141605120131.jpg
Fødd 4. november 1908
Død

6. juni 1977

Yrke politikar
Olaf Watnebryn på Commons

Watnebryn var son til ein industriarbeidar. Frå 1927 til -36 var han trådtrekkar ved A/S Norsk Kabelfabrikk. Han fekk så arbeid som skatteinnkrevjar ved kemnerkontoret i heimbyen, ei stilling han formelt hadde til 1963. Under verdskrigen var han aktiv i motstandsrørsla og sat 1944-45 i fangenskap.

Watnebryn var medlem i bystyret i Drammen frå 1934 til -40 og på ny 1945–47. Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Buskerud fylke, attvald i 1949. Frå 1954 til 1965 representerte han Buskerud fylke, ettersom ordninga med eigne valkrinsar for byane var avvikla. I alle år var han vald på Arbeidarpartiet sitt program. På Stortinget var han 1945-49 medlem og 1950-57 nestformann i Militærkomiteen. Dei to siste valperiodane, 1958-61 og 1961-65, var han formann i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, og samstundes nestleiar i Arbeidarpartiet sitt gruppestyre på Stortinget.

I 1963 vart Watnebryn utnemnd til fylkesmann i Buskerud, ein posisjon han hadde til han døydde i 1977.

KjelderEndra