Olai Fauske

norsk fotograf

Olai Fauske (18871944) var ein norsk portrett- og prospektfotograf.

Olai Fauske

Sjøvportrett av Olai Fauske
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1887
Naustdal kommune
Død

3. mars 1944 (56 år)
Førde

Yrke fotograf
Olai Fauske på Commons

Fauske var fødd på garden Fauske i dåverande Naustdal kommune. Han døydde i Førde.

Arbeid endre

I 1905 gjekk Fauske i lære hos fotograf Otto Talle i Bergen. Same år etablerte han seg som fotograf på heimstaden. I 1912 etablerer han seg med atelier i Førde og grunnlegg firmaet O. Fauske. Fauske reiste mykje rundt og fotograferte i heimbygda og områda rundt - for det meste prospektkort og portrett. Sambygdingar og andre frå Sunnfjord som hadde utvandra til USA var ein viktig del av Fauske sitt kundegrunnlag. Firmaet vart etter Fauske døydde overteke av Tom Vassdal.

Fotoarkivet endre

Både negativarkivet, bedriftsarkivet og gjenstandar etter Olai Fauske er bevart. Negativarkivet omfattar kring 8000 negativ, og er tilgjengeleg på nett hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Gjenstandar frå Fauske sitt atelier i Førde er bevart ved Sunnfjord Museum.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Bonge, Susanne (1980): Eldre norske fotografer. Fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Bergen. ISBN 82-7130-014-8
  • Reiakvam, Oddlaug (1997): Bilderøyndom, røyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tidsuttrykk. Oslo. ISBN 82-521-5032-2
  • Tyssen, Asbjørn (2016): "Modernist og norskdomsmann. Olai Fauske 1887-1944". Kjelda, nr. 2. ISSN 0803-9682
Nettlenkjer