Olav Østby-Deglum

Norsk gardbrukar og politikar

Olav Østby-Deglum (21. desember 188915. mars 1974) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Furnes i Hedmark.

Olav Østby-Deglum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. desember 1889
Furnes
Død

15. mars 1974 (84 år)
Furnes

Yrke bonde, politikar
Politisk parti Senterpartiet, Høgre

Far hans dreiv garden Deglum i Furnes, slektsgarden til mor hans. Sjølv gjekk han middelskulen og tok eksamen ved Jønsberg landbruksskole i 1909. I tida 1912 til -18 var han styrar på Freberg-garden i heimbygda Furnes. Sidan 1918 dreiv han slektsgarden Deglum.

Østby-Deglum var åra 1920-28 medlem i Furnes heradsstyre. Elles var han til sine tider formann i likningsnemnda og i soknerådet og styreformann for pleieheimen i Furnes. På næringsfeltet var han styreformann i Brumunddal Brenneri, nestformann i Hedmark Meieri og styremedlem i Brumunddal Potetmelfabrikk. Frå 1922 var han nestformann i styret for avisa Østlændingen til 1942, då okkupasjonstyresmaktene avsette styret, men fekk att styrevervet i mai 1945.

Frå 1922 til 1929 var Østby-Deglum sekretær for fylkesorganisasjonen til Bondepartiet i Hedmark, deretter formann i organisasjonen i atten år. I tida 1931-45 representerte han Hedmark og Bondepartiet på Stortinget. På Tinget var han den fyrste valperioden medlem i Lovkomiteen, frå 1934 hadde han sete i Kommunalkomiteen og der han var nestformann frå 1937. Han deltok på dei interparlamentariske konferansane i Helsinki i 1934 og i Paris i 1937. Elles var han medlem i Den departementale trafikkrådkomite av 1934 og formann i Potetkomiteen av 1935. Også styreformann 1937-42 i Noregs Bank si avdeling på Hamar.

Den 27. september 1944 vart Østby-Deglum arrestert, og sat fengsla i eit halvt år, lengste tida i Berg interneringsleir i Østfold. Etter andre verdskrig var over, fungerte han som formann i Bondepartiet til 1947. Han fekk også tilbake formannsstillinga i Noregs Bank på Hamar.

Kjelder endre