Olav Djupvik

norsk politikar

Olav Djupvik (5. februar 193131. mai 2016) var ein norsk skulemann og politikar frå Blaker i Akershus. Han representerte Oppland og Kristeleg Folkeparti på stortinget 1977–81.

Olav Djupvik
Fødd5. februar 1931
Blaker
Død31. mai 2016 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, lærar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Musikkonservatoriet i Oslo
Oslo lærerhøgskole
Alle verv

Djupvik var son til ein lærar, og valde sjølv same yrkesvegen. Etter eksamen frå Oslo lærerskole i 1956, underviste han dei neste tre åra ved skulane Ruseløkka og Lilleaker i Oslo. Perioden 1959-63 var han lærar ved Moen skole i Askim. I 1963 flytta han Rendalen og hadde lærarstilling ved Fagertun sentralskole til 1968. Frå 1970 arbeidde han i Lillehammer kommune, fyrst som lærar ved Smestad ungdomsskole i to år, der nest var han 1972-83 pedagogisk konsulent på skulekontoret og til sist, 1984-96, som skuleinspektør.

Djupvik var med i Lillehammer formannskap frå 1972 til 1979. Hausten 1977 vart han vald til å representere Kristeleg Folkeparti i Oppland på Stortinget. Fireårsbolken 1977-81 hadde han då sete i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Utover 1980-talet uttrykte Djupvik misnøye med utviklinga i Kristeleg Folkeparti, særleg i spørsmålet om abort. Det enda med at han melde seg ut av partiet.

Djupvik gav i 1976 ut boka Hva lærer våre barn i skolen? Han var 1998-2001 landsstyremedlen i Den Norske Israelsmisjonen.

Kjelder endre