Olav Gullvåg

norsk forfattar

Olav Gullvåg (31. desember 188525. september 1961) var ein norsk forfattar frå Trondheim.

Olav Gullvåg
Fødd 31. desember 1885
Trondheim
Død

25. september 1961
Asker

Yrke skribent, lyrikar
Born Ingemund Gullvåg

Gullvåg sitt mest kjende verk er Spelet om Heilag Olav, eit sogespel, som vert spela kvart år på Stiklestad. Stykket byggjer på de tre eldre skodespela Natterast på Sul (1952), Føre slaget (1954) og Stiklestad (1960). Elles har Gullvåg skrive eit stort tal lettare skodespel med tanke på framføring i ungdomslag.

Av romanane er Det byrja ei jonsoknatt (1937) og framhaldet Kongens nåde (1939) mest kjende. Den dramatiske handlinga går føre seg i Telemark1700-talet, og har kjærleik på tvers av standsgrenser som sentralt tema. Romanserien er på ti bind, og vert avslutta med Levi Lenning og hans hus, 1959. Romanen Lagnads-natta (1956) er ikkje del av serien.Romanane vart tidleg omsett til ei lang rad språk.

Verk av Gullvåg er omsett til svensk, dansk, islandsk, engelsk, tysk, russisk, nederlandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og latvisk. I 1938 vann han Melsom-prisen.

VerklisteEndra

RomanarEndra

  • Kaptein Skugge : fantastisk forteljing um krigen millom Russland og Noreg i 1950. 1911 (under pseud. Johan Visionary)
  • Den gule marquis : ei soga fraa storkrigen 1915. 1915. (under pseud. Kaare Gullveng)
  • Antaios, 1916
  • Jarnbyrd, 1922
  • Hav-ørna, 1925 (under pseud. Kaare Gullveng)
  • Det byrja ei jonsoknatt, 1937
  • Kongens nåde, 1939
  • Halvmåneblåsaren, 1941
  • Sigerhuva, 1945
  • Drivtømmer, 1947
  • Ariadne, 1949
  • Brattøra, 1951
  • Her hender det ingenting, 1953
  • Det bortkomne manuskriptet, 1955
  • Lagnads-natta, 1956
  • Levi Lenning og hans hus, 1959

DiktEndra

  • Song i storm, 1918
  • Paa tvomannhand, 1924
  • På viddene, 1934
  • Bak blånane, 1942
  • Villvin, 1946
  • Skrift i sand, 1960

SkodespelEndra

  • Rabies politica, eller Politisk galenskap, 1914 (under pseud. Rabelais)
  • Ordet, 1917
  • Haaløygabrand, 1919
  • Jammerdalen, 1922
  • Fanitullen, 1926
  • Godt gifte, 1927
  • Hemnaren, 1938
  • Natterast på Sul, 1952
  • Tusse-tonen, 1953
  • Føre slaget, 1954
  • Stiklestad, 1960

SakprosaEndra

  • Menneske og helgen : Olav Haraldson, 1946

BakgrunnsstoffEndra

Litteratur om Gullvåg
  • Eivind Hasle: Olav Gullvåg : bladmann og bokmann : (1885-1961). (2015) Forfattaren er dotterson av Olav Gullvåg.