Olav Harald Ulstein

Olav Harald Ulstein (fødd 8. mars 1963) i Hareid) er ein norsk lokalpolitikar for FrP og sjølvlærd biletkunstnar. Han er lokallagsleiar og kommunestyrrepresentant for Framstegspartiet i Sykkylven og i perioden 2003–2007 var han varaordførar. Som biletkunstnar måler han i hovudsak naturalistiske landskapsbilete. Saman med Trine Cruickshank driv han Sykkylven Kunstgalleri der han også har atelier og stiller ut bileta sine.

Olav Harald Ulstein
Fødd8. mars 1963 (57 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, kunstmålar

BakgrunnsstoffEndra