Olav Peter Nergård (18. juli 18611934) var ein gardbrukar, skogeigar og stortingsmann frå Åmot i Hedmark. Nergård var medlem av partiet Venstre.

Olav Nergård

Fødd18. juli 1861
Åmot
Død22. oktober 1934 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Nergård var son til ein gardbrukar. Før han sjølv vart gardbrukar gjekk han på skule, og vart student i 1881. I tillegg til gardsbruket var han stor skogeigar. Nergård var ordførar i Åmot periodane 1898-98 og 1902-04, og formann i skulestyret 1890-97 og 1907-??. Dessutan var han forlikskommissær. Han var styremedlem i Glommens skogeierforening frå 1898, av Det norske skogselskap frå 1905 og Kristiania tømmerdireksjon frå 1907. I 1906 fekk han plass i den departementale skogkonsesjonskomiteen. Nergård tok i 1913 initiativet til skipinga av Norges Skogeierforbund.

Nergård møtte første gongen på Stortinget frå den 10. november 1900 i staden for Wollert Konow (H), i eigenskap av 1. varamann frå Hedmark. Perioden 1903-06 møtte han fast på tinget, som 3. representant frå same amtet. I 1900-01 var han medlem av tollkomiteen, 1901-03 av budsjettkomiteen og 1903-06 av jarnbanekomiteen. Han var i 1906 mellom dei representantane som deltok i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Kjelder endre