Åmot kommune
Åmot er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord til kommunane Rendalen, i aust til Trysil, i sør til Elverum, i sørvest til Hamar og Ringsaker og Løten, og i vest til Stor-Elvdal.
Åmot kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Rena | ||
Areal | 1 340 km² | ||
- land | 1 306 km² | ||
- vatn | 34 km² | ||
Folketal | 4 213 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Ole Erik Hørstad (H) | ||
Kommunenr. | 3422 | ||
![]() Åmot | |||
Wikimedia Commons: Åmot | |||
Nettstad: www.amot.kommune.no | |||
- Åmot finst òg andre stader i landet
Kommunen har fått namnet Åmot ('åmøte') fordi dei to elvane Glåma og Rena møter kvarandre her.
Åmot har 4 skolar: Åmot ungdomsskole og Rena Barneskole som ligg på kommunesenteret Rena. I tillegg kjem Deset Oppvekstsenter og Osen Oppvekstsenter som ligg kvar seg på Deset og Osen.
Klima endre
Åmot har innlandsklima med relativt lite nedbør, varme somrar og store skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gjevne i tabellen nedanfor.
Normaler for Rena (240 moh.)[1] | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperaturnormal (°C) | −11,2 | −9,6 | −3,7 | 1,7 | 8,2 | 13,2 | 14,3 | 12,5 | 7,7 | 2,9 | −4,3 | −9,3 | 1,9 |
Nedbør (mm) | 50 | 38 | 40 | 42 | 62 | 78 | 90 | 79 | 85 | 80 | 67 | 55 | 766 |
Det har (med enkelte avbrot) blitt drive meteorologiske målingar i regi av met.no i Åmot frå 1873. Høgaste og lågaste offisielt registrerte temperaturar i kommunen er 34,0 gradar 19. juni 1970 på Haugedalen målestasjon [1] og −41,9 gradar 23. desember 1915 på Rena [2].
Utdanning endre
Kjende personar frå Åmot kommune endre
- Vidar Sandbeck, forfattar
- Anne Cath. Vestly, barnebokforfattar (Rena)
Bilete endre
-
Løpsjøen nordaust for Rena
Foto: Peter John Acklam
-
Slepebåten Trysil-Knut ved Sørlistøa Fløtermuseum