Olav Norheim (fødd 13. oktober 1951 på Lillehammer) er ein norsk teksforfattar, journalist og redaktør . Han har arbeidd som journalist i Oslo og på Gjøvik. Han var styrar av Norsk Barneblad 1083-91. Han var tekstforfattar til Smørbukk 1985-86. Han stod bak utgjevinga av Tuss og Troll i 1987.

Olav Norheim
Fødd 13. oktober 1951Rediger på Wikidata
Lillehammer
Yrke journalist, teikneserieskapar

I 1997 vann han Nynorsk barnelitteraturpris med Mikael Holmberg for Bilde i berg (Samlaget).

Olav Norheim har vore med i oppbygginga av Norsk Tegneseriesamling på Maihaugen og arbeidd i Noregs Ungdomslag.

KjelderEndra

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004