Olav Riste
Olav Riste (11. april 1933–21. juli 2015)[1][2] var ein norsk historikar kjend for si forsking på norsk utanrikspolitikk og forsvarshistorie.
Olav Riste | |||
Fødd | 11. april 1933 Volda kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 21. juli 2015 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | historie, utanrikspolitikk, security policy | ||
Yrke | historikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Bergen | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Biografi
endreRiste var fødd og vaks opp i Volda der faren var rektor ved landsgymnaset. I 1959 vart han cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo og i 1963 tok han doktorgrad ved University of Oxford (med James Joll som mentor) med ei avhandling om Noreg si nøytrale stilling under første verdskrigen.[1][3] I det meste av si karriere var han tilknytt Institutt for forsvarsstudier, der han var direktør og forskningssjef. Riste hadde forskingsopphald ved Harvard University (1967) og Freie Universität Berlin (1972). Han hadde lange opphald ved London School of Economics og Woodrow Wilson International Center for Scholars.[4] I 1980] vart han professor II ved Universitetet i Bergen.[1] Frå 1975 til 1981 var han redaktør for Scandinavian Journal of History.[1]
Riste skreiv mellom anna verket Londonregjeringa - Norge i krigsalliansen 1940-45 som fyrst kom ut i to bind i 1973 og 1979, og ei rekkje andre bøker om utanriks- og tryggingspolitikk og om norsk og internasjonal etterretningshistorie.
Olav Riste var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1984. I 2003 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hans innsats for samtidshistorisk og sikkerhetspolitisk forskning».[5] Riste kunne engelsk, tysk og fransk, på norsk brukte han helst nynorsk målform.[4]
Bibliografi (utval)
endre- Norway's foreign relations: a history, Oslo: Universitetsforlaget, 2005, ISBN 82-15-00743-0
- The Norwegian intelligence service: 1945–1970, London: Frank Cass, 1999, ISBN 0-7146-4900-7
- Med Arnfinn Moland: «Strengt hemmelig»: norsk etterretningsteneste 1945–1970, Oslo: Universitetsforlaget, 1997, ISBN 82-00-12769-9
- Med Johs. Andenæs og Magne Skodvin: Norway and the Second World War, 5. utgave, Oslo: Aschehoug, 1996, ISBN 82-03-22163-7
- Norsk utenrikspolitikks historie, som redaktør, seks bind. Oslo: Universitetsforlaget, 1995-1997. ISBN 82-00-22639-5
- «London-regjeringa»: Norge i krigsalliansen 1940–1945, to bind. Oslo: Samlaget, 1995 (1. utgave 1973-1979), ISBN 82-521-4470-5
- Felttoget: general Otto Ruges erindringer fra kampene april–juni 1940, redigert og med innledning av Olav Riste, Oslo: Aschehoug, 1989. ISBN 82-03-16196-0
- Utefront, bind 7 i bokserien Norge i krig, Oslo: Aschehoug, 1987, ISBN 82-03-11422-9
- (red.): Western security: the formative years: European and Atlantic defence 1947–1953, Oslo: Norwegian University Press, 1985, ISBN 82-00-07137-5
- The neutral ally: Norway's relations with belligerent powers in the first world war, Oslo: Universitetsforlaget, 1965
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Hvem er hvem 1984, Oslo: Kunnskapsforlaget, 1984, s. 437.
- ↑ «Dødsfall». Budstikka. 24. juli 2015. s. 20.
- ↑ Grønlie, Tore mfl, nekrolog i Aftenposten 28. juli 2015, s.21.
- ↑ 4,0 4,1 Kristiansen, Tom: Olav Riste (1933-2015). Dag og Tid, 14. august 2015.
- ↑ «Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet», kongehuset.no, besøkt 16. august 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Olav Riste» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Olav Riste i BIBSYS
- Publikasjonar av Olav Riste i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Nekrolog i Aftenposten 28. juli 2015
- Sven G. Holtsmark, Helge Ø. Pharo og Rolf Tamnes (red.): Motstrøms: Olav Riste og norsk internasjonal historieskrivning, Oslo: Cappelen akademisk forlag, 2003, ISBN 8202218284