Olav Sannes

norsk politikar

Olav Sannes (27. april 187126. januar 1946) var ein gardbrukar, politikar og forfattar frå Drangedal.

Olav Sannes
Fødd 27. april 1871
Død

26. januar 1946 (74 år)

Yrke politikar

Sannes tok landbruksutdanning i ungdomen og var sidan gardbrukar I Drangedal. Han var ordførar i heimbygda i ei lang rekke år, og hadde fleire andre kommunale og fylkeskommunale verv. Perioden 1919-21 representerte han VenstreStortinget, på ny stortingspresentant 1925-33.

Sannes gav ut bygdeboka Drangedal med Tørdal, ei bygdesoge i 1924 (faksimile 1974, ISBN 82-990370-1-8). Sidan skreiv han to romanar med handling frå Drangedal; Hardår som kom i 1927 og Gullsplinten som kom i 1931. Dei to romanane vart gitt ut på ny i eit samla band i 1988.

Sannes vart statsstipendiat i 1934.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok, IX.bandet. 1960