Olav Sunde (17. august 190310. november 1985) var ein norsk spydkastar frå Oslo. Han vann ein OL-bronse i øvinga i 1928 og tok ni NM-titlar.

Olav Sunde

Olav Sunde, ca 1930
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. august 1903
Christiania
Død

10. november 1985 (82 år)
Oslo

Yrke spydkastar, friidrettsutøvar
Høgd 180 centimeter
Olav Sunde på Commons

Aktiv endre

Sunde, som var son til innflyttarar frå Stryn, faren var lærar, melde seg inn IK Tjalve og tevla for denne klubben i alle sine aktive år. Frå 1927 til 1937 vann han ni av dei elleve norske meistertitlane i spydkasting, åra 1929 og -32 deltok han ikkje.

Sunde vann bronsemedaljen under Sommar-OL 1928 i Amsterdam med eit kast på 63,97 meter. Svenske Erik Lundquist vart olympisk meister med 66,60 m, olympisk rekord, framom Béla Szepes frå Ungarn som fekk notert 65,26 m. Sunde forbetra elles den norske spydrekorden til 65,28 m i OL-sesongen.

Sunde sette sin åttande og siste noregsrekord i spydkast under landskampen mot SverigeBislett stadion midt i juni 1932. Med 67,04 meter vann han ein suveren siger, noregsrekorden stod seg i 14 år. Sunde var norsk flaggberar under Sommar-OL 1932 i Los Angeles, der Noreg stilte med fem utøvarar. I OL-tevlinga enda han elles niandeplass med eit kast på 60,81 meter.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1925: Sølvmedalje - 100,48 m (med begge hender)
  • 1926: Sølvmedalje - 109,71 m (med begge hender)
  • 1927: Gullmedalje - 61,66 m (med beste hand)
  • 1928: Gullmedalje - 62,21 m
  • 1930: Gullmedalje - 65,11 m
  • 1931: Gullmedalje - 63,25 m
  • 1933: Gullmedalje - 62,98 m
  • 1934: Gullmedalje - 63,06 m
  • 1935: Gullmedalje - 63,09 m
  • 1936: Gullmedalje - 64,22 m
  • 1937: Gullmedalje - 61,20 m
  • 1939: Sølvmedalje - 61,20 m

Kjelder endre

  • Raskest, høyest, lengst i 100 år. 1986