Olderfjord

bygdelag i Porsanger i Troms og Finnmark

Olderfjord (nordsamisk Leaibevuotna, kvensk Leipovuono) er ei bygd i Porsanger kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Staden ligg ved vegkrysset mellom E 6 og E 69, og vert passert av alle vegfarande på tur til og frå Nordkapp.

Olderfjord ligg omtrent 4,3 kilometer frå Smørfjord og 62,8 kilometer unna kommunesenteret Lakselv.

Olderfjord har ein nedlagt skule, Russenes oppvekstsenter, som hadde 1.-7. klasse. No går elevane på Billefjord sjøsamiske oppvekstsenter eller Kokelv oppvekstsenter.

KjelderEndra