Oldtidssteinbrotet i Jordandalen

Oldtidssteinbrotet i Jordandalen vart oppdaga i 2009 av arkeologar frå Universitetet i Haifa.[3][4] Steinbrotet ligg kring 5 km nord for JerikoVestbreidda.[3][4][5]

Oldtidssteinbrotet
grotte
Land  Dei palestinske territoria
Region Jordandalen
Stad nær JerikoVestbreidda
 - koordinatar 31°54′45″N 35°27′44″E / 31.912444°N 35.462181°E / 31.912444; 35.462181
Lengd 100 m [1]
Høgd m [1]
Areal [1]
Bygd Første hundreåret evt.[2]
Kart
Oldtidssteinbrotet i Jordandalen
31°54′45″N 35°27′44″E / 31.912444°N 35.462181°E / 31.912444; 35.462181

Skildring endre

Grotta ligg i ørkenen nord for Jeriko, 10 meter under overflata. Ho dekkjer kring 0,4 mål og hovudrommet er støtta opp av 22 søyler.[1][3] Forskjellige symbol, som bysantinske krossar, eit dyrekrins-liknande symbol og romartal er gravert inn i søylene.[2][3] Ein romers legionvimpel indikerer at det vart nytta av den romerske hæren.[3] Grotta vart graven ut for kring 2 000 år sidan og tente som eit stort steinbrot i romartida. Kammeret vart truleg nytta som steinbrot i 400 til 500 år.[4] Det kan sidan ha blit tnytta som kloster og somme trur det kan ha markert ein bibelsk stad som har vore heilag for kristne i oldtida.[1][3] Andre meiner at krossane aleine ikkje kan vitne om at det har vore ei kyrkje, sidan tilfeldige pilegrimar kan ha laga krossane, noko som var vanleg på den tida.[6]

Dr. Adam Zertal, som leia ekspedisjonen, meiner at staden kan vere den gamle staden kalla Galgala. Eit kart frå bysantinsk tid, Madabakartet, omtalar ein stad i området kalla Galgala ved sidan av ein inskripsjon som seier «Dodekaliton», som tyder «Tolv steinar». Staden er markert i ein avstand frå Jeriko som høver med avstanden frå byen til grotta. Kartet syner ei kyrkje ved sidan av Dodekaliton og i dag finst det ruinar av to eldgamle kyrkjer nær grotta.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ran Shapira. Discovery of giant underground steinbrot in Jordandalen may rock archaeological thinking, Haaretz, (31. januar 2015).
  2. 2,0 2,1 Underground Christian Cave From 1st Century A.D. Exposed Near Jeriko[daud lenkje], LIFE, (June 24, 2009).
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Lefkovits, Etgar (June 21, 2009). «Huge Roman-era cave found by Jericho». Jerusalem Post. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Photos: «Glorious» Ancient Chamber Found in Israel (3), National Geographic (June 30, 2009).
  5. «2 000-year-old quarry found in the West Bank with Christian symbols on walls». Reuters. Boston.com. June 22, 2009. Henta 16. september 2015. 
  6. Photos: «Glorious» Ancient Chamber Found in Israel (4), National Geographic, (June 30, 2009).

Bakgrunnsstoff endre