Ole Antonsson Holsen (18. september 180813. mai 1864) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Førde i Sunnfjord.

Ole Antonsson Holsen
Fødd 18. september 1808
Førde
Død

13. mai 1864

Yrke politikar

Holsen var son til ein gardbrukar. Han var i ein del år skulehaldar i omgangsskule. I 1831 tok han over farsgarden Holsen og dreiv denne sidan. År 1837 kom han med i det fyrste heradsstyret i Førde og var medlem av dette til 1859.

I 1845 og 1851 var Holsen 2. representant frå Nordre Bergenhus amtStortinget. På begge tingsamlingane var han medlem av budsjettkomiteen, siste gongen også av Lagtinget.

Han døydde på garden sin i Førde i 1864.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914