Opna hovudmenyen

Ole Brandt

stortingsrepresentant

Ole Brandt (4. januar 18184. august 1880) var ein norsk gardbrukar, kyrkjesongar, ordførar og stortingsmann frå Vestre Slidre i Oppland.

Ole Brandt
Fødd 4. januar 1818
Vestre Slidre
Død

4. august 1880
Vestre Slidre

Yrke politikar, bonde

Brandt var son til ein kyrkjesongar og gardbrukar i Vestre Slidre. Han vart seminarist frå Asker i 1837 og tok to år seinare over som kyrkjesongar i heimbygda og skaffa seg garden Løken. Brandt var ordførar i Vestre Slidre 1849-55 og frå 1860. Dessutan var han medlem av forlikskommisjonen og formann for sparebanken frå 1868.

Brandt representerte Kristians amtStortinget 1859-64, 1868-69 og 1876-79. Han var 1859-60 medlem av justiskomite nr 1, 1862-63 av kyrkjekomite nr 2, 1868-69 av Lagtinget og kyrkjekomite nr 1. I 1876 møtte han som 1. varamann frå 25. mars, medlem av tollkomiteen. Heldt 1877-79 fram i denne komiteen som 4. representant frå amtet, også medlem av Lagtinget.

Han døydde på garden sin i Vestre Slidre i 1880.

KjelderEndra