Ole F. Bergan

norsk oppfinnar og forretningsmann

Ole Ferdinand Bergan (fødd 30. oktober 1876 i Våle, død 21. juni 1956 i Tønsberg) var ein norsk forretningsmann, kjend som oppfinnaren av ryggsekken med meis, «Bergans meis».

Ole F. Bergan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. oktober 1876
Død

21. juni 1956 (79 år)

Yrke oppfinnar

Det var under ein jakttur i Skrimfjella i 1908 at ideen vart unnfanga. Bergan bøygde ein briskekvist og forma han etter ryggen for å gje skikkeleg passform. I ettertid vidareutvikla han meisen og skifta brisken med lette stålrøyr og reimar. Bergan som var sykkelreparatør og fabrikant i Tønsberg, gjorde ei rekkje oppfinningar og tok ut 45 patent. Blant dei som kan nemnast er den første step in/step out-skibindinga, elektrisk harpun til kvalfangst, tømmerslede med brems og ein ventillau forbrenningsmotor. Han dreiv òg import og omsetning av biler i Tønsberg.

Christiania-grossereren Sverre Young såg potensialet i oppfinninga til Ole F. Bergan av ryggsekken. Etter eit par års samarbeid med Bergan kjøpte han patentet for kr 1 500. Young gjorde like etterpå ein stor handel med den Tsjekkoslovakiske hæren og drog eins ærend til Tønsberg for å dele utbyttet. Ole F. Bergan avslo med orda: Ein handel er ein handel.

Oppfinninga til Ole Ferdinand Bergan la grunnlaget for Bergans Meis og Ryggsæk, seinare Bergans Fritid AS.

Kjelder endre