Ole Glambeksson Fuglestvedt

norsk politikar

Ole Glambeksson Fuglestvedt (4. mars 18439. august 1902) var ein norsk lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Øyslebø i Vest-Agder.

Ole Glambeksson Fuglestvedt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1843
Død

9. august 1902 (59 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Fuglestvedt var seminarist frå Holt seminar i 1861. Same året byrja han som lærar i heimbygda, i tillegg var han kyrkjesongar frå 1863. År 1873 vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Nes og Flekkefjord. Seinare, 1881-96, var han styrar av Lister og Mandals amt sin jenteskule.

Fuglestvedt var direktør for Nes Sparebank 1876-91 og forlikskommissær i Nes. Han var ordførar i Nes heradsstyre 1879-91, sidan ordførar i Øyslebø 1896-1901.

Etter å ha kome på varamannsplass under tre påfylgjande stortingsval, vart Fuglestvedt kåra til 4. representant for Lister og Mandals amt for perioden 1900-03. Han var medlem av kyrkjekomiteen.

I 1891 tok Fuglestvedt over farsgarden og dreiv denne sidan. Han omkom sommaren 1902 i ei ulukke på garden sin, «drebt af en okse».

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Klokkarbok for Øyslebø 1882-1908

Bakgrunnsstoff endre