Ole Haabeth

norsk politikar

Ole Haabeth (fødd 1950) er ein norsk arbeidarpartipolitikar frå Kråkerøy i Fredrikstad. Han har vore fylkesordførar i Østfold frå 2007, då han overtok for Arne Øren.[1]

Ole Haabeth
Fødd18. september 1950 (72 år)
Kråkerøy
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, pedagog
Utdanna vedHalden lærerhøgskole
Oslo lærerhøgskole
VervFylkesordførar i Østfold oktober 2007–
FøregangarArne Øren
VervOrdførar i Fredrikstad oktober 1999–oktober 2007
FøregangarSvein Roald Hansen
EtterfylgjarEva Kristin Andersen
VervOrdførar i Kråkerøy januar 1992–desember 1993
FøregangarErik Nilsen

Haabeth vart vald til ordførar i Kråkerøy kommune fram til kommunesamanslåinga med Fredrikstad i 1994, og var varaordførar for Svein Roald Hansen i Fredrikstad i perioden 1995-1999. Sidan var han ordførar i Fredrikstad i to periodar fram til 2007.

KjelderEndra

  1. «Haabeth blir fylkesordfører». NRK Østfold. 11. september 2007. Henta 19. november 2011.