Svein Roald Hansen

norsk politikar

Svein Roald Hansen (fødd 20. august 1949 i Fredrikstad) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har sete på Stortinget for Østfold fylke sidan 2001.

Svein Roald Hansen

Fødd20. august 1949 (74 år)
Fredrikstad
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør, journalist
Alle verv

Hansen starta sin politiske karriere som politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland i 1993. Han vart vald inn på Stortinget frå Østfold i 2001 og vald på nytt i 2005 og 2009. Frå 2003 har han også vore leiar for Europarørsla. Hansen var ordførar i Fredrikstad i perioden 1995–1999. Han kom inn i kommunestyret i Borge i 1983, og heldt fram i Fredrikstad ved kommunesamanslåinga i 1994 og vart vald på nytt seinast i 2007.

Hansen har studert historie og statsvitskap og arbeidde som journalist, i NTB frå 1971 til 1974, deretter Oppland Arbeiderblad til 1978. Deretter var han redaksjonssjef i Demokraten frå 1978 til 1982 og så redaksjonssekretær i Oslo-redaksjonen til A-pressen fram til 1983.

Frå 1983 var han politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland på Stortinget, ein posisjon han seinare også hadde ved statsministerens kontor.

I perioden 1990–92 var Hansen redaktør i Sarpsborg Arbeiderblad, og frå 1999 til 2001 var han direktør for informasjon og samfunnskontakt i Hafslund ASA.

Regjering endre

  • 1. januar 1986–1. januar 1989: politisk rådgivar ved statsministerens kontor
  • 10. januar 1992–4. august 1995: statssekretær ved statsministerens kontor

Stortingskomitear endre

Bakgrunnsstoff endre