Ole Jørgensen
Ole Jørgensen (13. november 1897–5. juli 1966) var ein tenestemann og politikar frå Vennesla i Vest-Agder. Han var stortingsrepresentant frå Vest-Agder og for Arbeidarpartiet i 1954-65.
Ole Jørgensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. november 1897 Vennesla |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Ole Jørgensen var son til ein fabrikkarbeidar og småbrukar. Han gjekk Søgne landbruksskule 1916-18, og arbeidde dei neste ni åra på gard, anlegg og med vegbyggjing. I 1927 fekk han jobben som forretningsførar i Vennesla herad, noko seinare vart han trygdesjef i kommunen. Han var formann Trygdekasselaget for Vest-Agder i åra 1935-55.
Jørgensen var medlem i Øvrebø heradsstyre 1924-25. Frå 1928 til 1959 var han så med i heradsstyret i Vennesla, ordførar i tida frå 1945 til -55. I tillegg til å vere medlem i heradsstyret, var han formann 1928-40 i arbeidstilsynet, 1929-35 i jordstyret, 1929-34 i arbeidsløysenemnda og 1931-35 i skulestyret.
Ved stortingsvalet hausten 1953 vart Jørgensen vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Vest-Agder, attvald 1957 og 1961. På Stortinget var han medlem i Administrasjonskomiteen 1954-57, Samferdslekomiteen 27.1.-8.10.1958 og sidan i Kyrkje- og undervisningskomiteen til han forlet tinget i 1965.