Opna hovudmenyen


Ole Kirk Christiansen (18911958) var ein dansk snikkar som fann opp LEGO.

Ole Kirk Christiansen
Fødd 7. april 1891
Filskov
Død

11. mars 1958
Billund

Yrke tømrar, entreprenør, organisasjonsgrunnleggjar, designar
Ole Kirk Christiansen på Commons

Christianse var fødd i Filskov, ein landsby nord for Billund by i Danmark. Då han var ferdig med skulen fekk han først arbeid på fabrikk, før han etter kvart lærte seg trearbeid og blei ein snikkarmeister. Han etablerte eit firma som laga krakkar, gardintrapper, strykebrett og leiketøy av tre.

Etter kvart utvida snikkaren leiketøyverksemda si, og i 1949 kom den store oppfinninga: Byggeklossar, ikkje i tre, men i plastikk, som kunne låsast saman, men òg takast frå kvarandre. Klossane blei forbetra i 1958, og tok etter kvart verda med storm.

Christiansen døydde i 1958, og sonen Godtfred Kirk Christiansen tok over leiinga av firmaet. LEGO-verksemda er blitt hjørnesteinen i Billund, og Christiansen vil lenge bli hugsa for oppfinninga han gav verda.