Ole Konrad Ribsskog

norsk politikar

Ole Konrad Ribsskog (8. desember 186526. januar 1941) var ein norsk skulemann og politikar som representerte ArbeidarpartietStortinget valbolken 1913-15.

Ole Konrad Ribsskog

Fødd8. desember 1865
Flatanger
Død26. januar 1941 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, overlærar
VervOrdførar i Trondheim 1917–1919
FøregangarOdd S. Klingenberg
EtterfylgjarEinar Dahl
Alle verv

Ribsskog var son til ein gardbrukar i Flatanger i Nord-Trøndelag. Han vart utdanna lærar frå Klæbu seminar i 1887, og arbeidde som lærar og kyrkjesongar i Flatanger, Spydeberg og Drøbak til han i 1893 vart tilsett ved folkeskulen i Trondheim. Frå 1918 var han skuleinspektør i Trondheim kommune. Han var medforfattar til Trondhjems folkeskoles historie 1754-1911.

Ribsskog var perioden 1913-15 innvald på Stortinget frå valkrinsen Bakklandet i Trondheim. Åra 1917–19 var han den fyrste Arbeidarparti-ordføraren i Trondheim, medlem av formannskapet var han frå 1907. Han var medlem av den statlege Skulekommisjonen av 1920. Ved kløyvinga av Arbeidarpartiet i 1921 melde han seg inn i Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, og var med i det partiet til partisamlinga i 1927.

Kjelder

endre