Odd S. Klingenberg
Odd Sverressøn Klingenberg (8. juni 1871–3. november 1944) var ein norsk jurist og Høgre-politikar frå Trondheim. Han var både stortingsmann, statsråd og fylkesmann. Sverre Klingenberg var bror hans.
Odd S. Klingenberg | |
![]() Odd S. Klingenberg på 1930-talet. Foto: Peder O. Aune/Trondheim byarkiv | |
Fødd | 8. juni 1871 Trondheim |
---|---|
Død | 3. november 1944 (73 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, advokat |
Far | Sverre Olafssøn Klingenberg |
Klingenberg var son til ein sakførar og han vart sjølv cand. jur. i 1894. Same året slo han seg ned i fødebyen som overrettssakførar, høgsterettsadvokat 1902. Han var i mnage år ein sentral person i næringslivet i Trøndelag, deltok i grunnlegging av og sat i styret for mange bedrifter, mellom dei Thamshavnbanen.
Han var innvald på Stortinget 1906-09 frå Kalvskinnet krins, då han representerte Samlingspartiet, og 1919-24 frå Sør-Trøndelag for Høgre. I den fyrste perioden var han medlem av sosialkomiteen, sekretær i fossefallskomiteen av 1907 og den utvida budsjettkomiteen av 1909. Han var i den mellomste perioden, 1919-21, medlem av justiskomiteen og i den siste, 1922-24, formann i sosialkomiteen, når han ikkje hadde sete i regjeringa. Sekretær i fullmaktskomiteen 1919-20. Frå 1910 var han medlem av den kongeleg kommisjonen om revisjon av matrikkelen.
Klingenberg var statsråd i Sosialdepartementet i både Otto Bahr Halvorsens fyrste regjering 1920-21, Otto Bahr Halvorsens andre regjering og Abraham Berges regjering 1923-24. Klingenberg var tiltala ved Riksretten 1926-27, han vart frifunnen den 25. mars 1927.
Klingenberg var fylkesmann i Sør-Trøndelag frå 1921 til 1940.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
BakgrunnsstoffEndra
- Biografisk informasjon om Odd S. Klingenberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv