Ole Nilsen

norsk politikar

Ole Nilsen (15. oktober 180718. juli 1854) var ein norsk målarmeister og stortingsmann frå Skoger i Buskerud.

Ole Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. oktober 1807
Død

18. juli 1854 (46 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Nilsen var fødd i Sigdal prestegjeld, og voks frå 1811 opp på garden Gulliksrud i Skoger, der far hans var forpaktar. Sidan kjøpte faren garden Pettersvoll i Konnerud, også den garden låg i dåverande Skoger. Nilsen sjølv busette seg i Drammen by, der han gifta seg med tømrardottera Maren Tollefsdatter, saman fekk dei sju søner og ei dotter. Nilsen var målar, arbeidde seg opp til målarmeister.

I 1851 var Nilsen 3. representant for Drammen på Stortinget. Han var då medlem av Lagtinget og av tollkomiteen.

Nilsen døydde i Drammen under koleraepidemien 1854, 46 år gammal.

Kjelder endre