Skoger

bydel i Drammen

Skoger er ein bydel i Drammen i Viken. Bydelen hadde 2 991 innbyggjarar i 2016.[1] Skoger var tidlegare definert som tettstad, men frå 1. januar 2013 slo Statistisk sentralbyrå det saman med tettstaden Drammen.[2]

Skoger gamle kyrkje i Skoger
Foto: Ivar Vik

Skoger var tidlegare ein sjølvstendig kommune oppretta i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. Kommunen vart slått saman med Drammen til nye Drammen kommune i 1964.[3]

Kjelder endre

  1. «Fakta om Drammen». Drammen kommune. Henta 22. april 2018. 
  2. «Nye og utgåtte tettsteder. 1.januar 2013». Statistisk sentralbyrå. Henta 22. april 2018. 
  3. Geir Thorsnæs. «Skoger – kommune». Store norske leksikon. Henta 22. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skoger
  Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.