Opna hovudmenyen

Ole Olsson Øveland

norsk gardbrukar, lærar og politikar

Ole Olsson Øveland (177616. juli 1840) var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Finsland i Vest-Agder.

Ole Olsson Øveland
Fødd 1776
Finsland
Død

16. juli 1840
Finsland

Yrke bonde, politikar

Han var som til ein gardbrukar på Espeland i Finsland. Etter litt undervisning frå biskop Peder Hansen vart han skulehaldar i Bjelland og frå 1801 gardbrukar på Øveland i Finsland.

Øveland representerte Lister og Mandals amtStortinget 1821-27 og 1833-37. I 1821 var han medlem av fem komitear, mellom dei om utskiftingslova og om hogst i allmenningar. År 1824 var han medlem av komiteane om fiskeria og om veglova, 1827 atter om fiskeria. Grunna sjukdom møtte han ikkje på omframstortinget 1828. På Stortinget 1833 og 1836 var han medlem av Lagtinget og justiskomiteen, 1836-37 av Lagtinget. Øveland var medlem av riksretten 1836-37.

Han døydde på garden sin i Finsland i 1840.

KjeldeEndra