Ole Olsson Amundrød
Ole Olsson Amundrød eller Olsen, (30. mai 1771–24. mars 1835) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann.
Ole Olsson Amundrød | |||
Fødd | 30. mai 1771 Tjølling i Vestfold | ||
---|---|---|---|
Død | 24. mars 1835 (63 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | Gardbrukar | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Ole Olsson Amundrud var frå garden Østby i Tjølling i Vestfold. Han var frå 1789 omgangsskulelærar i heimbygda. År 1800 vart han utnemnd til klokkar og skulehaldar i Tjølling. Denne kombinerte stillinga hadde han til 1810. Han gifta seg til garden Ommundrød / Amundrød i Tjølling, og dreiv denne frå 1813. Han og kona Ingeborg Maria fekk etter kvart åtte born.[1]
Amundrød vart i 1814 vald til 3. representant for Laurvigs grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll. Her knytte han seg til Sjølvstendepartiet. Til det overordentlege storting seinare same året var han varamann (suppleant).
Etter at han kom heim att frå Eidsvoll i 1814 bygde han om bustadhuset på Amundrød til eit kombinert gjestgjevarhus og skysstasjon. Bygninga brann ned i 1902.[2]
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Moe, Bernt: Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814–1845, s. 11. Christiania: Chr. Schibsted, 1845.
- ↑ «Amundrød, Ole Olsen (Eidsvollsmann)». Eidsvollsmennenes etterkommere / Eidsvoll 1814. Henta 6. februar 2015.
- ↑ Jørgen Solstad (2014). «Ole Amundrød og gården Amundrød i Larvik». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 227. ISBN 978-82-02-44564-5.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi på Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Ole Olsson Amundrød NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv