Ole Pålsson Håkenstad

Ole Pålsson Håkenstad (17. oktober 177516. april 1866) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann. Han møtte i Stortinget fyrste gongen i 1814, siste gongen i 1842.

Ole Pålsson Håkenstad

Ole Håkenstad på eit måleri av Matthias Stoltenberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1775
Fron kommune
Død

16. april 1866 (90 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Ole Pålsson Håkenstad på Commons

Håkenstad var frå garden Harildstad i Nord-Fron i Oppland. Tidleg i 1800-åra arva han garden Håkenstad i Vågå etter morbror sin, og budde der sidan.

Håkenstad var forlikskommissær i Vågå og valmann i lang tid. 1820-22 var han mellombels lensmann i bygda.

Til stortinget vart Håkenstad vald fyrste gongen til det overordentlege storting 1814 for Kristians amt (Oppland). Han var representant på tingsamlingane 1815-16, 1818, 1824, 1827, 1833, 1836, 1839 og 1842. Og så deltok han på to overordentlege stortingssesjonar (1828 og 1836-37). Til stortingsvala 1821 og 1830 baud han seg fri. I dei ulike stortingssesjonane sat han i ei rekke komitear, på 1818-tinget heile femten ulike komitear.

Håkenstad var medlem av den 25 mann sterke deputasjonen frå stortinget som møtte Kristian FredrikBygdøy den 10. oktober 1814, for å take imot kongens abdikasjonserklæring.

Kjelder

endre